Stikkordarkiv: student

Studentar – seg sjølve nok?

Følgande kronikk sto på trykk i dagens Klassekampen, men kan diverre ikkje lesast på nett. Difor finn du han her.

Studentrørslas frontfigurar frå overgangen mellom 1960- og 70-talet har hatt so stor suksess at dei i dag – av onde tunger – vert nytta som sanndomsvitne på at sjølve det radikale prosjektet er tomt. Me deler ikkje denne oppfatninga, men me har vanskeleg for å sjå at dagens studentar kan koma til å spela ei slik rolle i dagens Noreg. I andre land står studentane stadig i sentrum når ein protesterer mot utbytting og urettvise. Kva er skjedd med dei norske studentane?

Det er ikkje det at det ikkje finst noko å protestera mot. Det siste tiåret har sett store omveltingar på lærestadene deira. Kvalitetsreformen og endringar i løyvingssystemet for høgare utdanning har ført til at både studentar og tilsette ved universitet og høgskular har fått mindre fridom i arbeidet sitt. Studentane skal losast gjennom studieprogram der dei fleste emna er fastlagde på førehand, dei har mindre tid dei kan rå over og dei vert kasta ut av lærestaden om dei ikkje er flittige nok. Dei vitskapleg tilsette er i stadig større grad vorte tvunge til å syna at det dei driv med er «nytteleg»: Arbeidet lyt bidra til eksterne løyvingar, publikasjonar skal tellast og verknaden på internasjonale rangeringar målast.

Utviklinga er ikkje særnorsk, den har røter mellom anna i Bologna-prosessen og EUs utdanningsstrategiar. I land som Austerrike, Frankrike og Spania har studentane protestert høglydt mot denne utviklinga.

I Noreg har studentprotestane vore lågmælte, om det i det heile tatt har vore nokon protest. Det er ikkje fordi studentane er dårleg organiserte. Lars Sponheim skal ha sagt at den tidlegare organisasjonen til universitetsstudentane, Norsk Studentunion, var Noregs nest beste lobbyorganisasjon (reiarlagsforbundet var best). Men når me har freista undersøka kva gjennomslag det er snakk om, finn me berre velferdssaker: Studiestøtte, studentbustader og reiseordningar.

Ei mogleg forklaring på dette er at ein student i dag ikkje er det same som ein student var då barrikadane vart reiste i Paris. I ei levekårsundersøking frå 2005 heiter det at berre 13 prosent av studentane er so kalla «idealtypiske» – einslege, busette i større byar og engasjerte i fulltidsstudium. Dei fleste studentane avvik frå stereotypien. Medan trange levekår og meir synleg klassereise før kan ha styrka det sosiale medvitet til studentane, finst det ikkje ei sams røynd studentane i dag kan einast om, viss ein ser bort frå den milde materielle mangeltilstanden. Den kan bøtast med velferdsgode.

Det finst òg andre mekanismar som kan medverka til at studentane ikkje maktar å samlast om ein politikk som går ut over dei reint materielle levekåra. Medan slike krav kan stillast på bakgrunn av den kvardagen kvar og ein opplever, må idépolitiske krav byggja på ei sams røynd. Det er mange årsaker til at studentpolitikarane ikkje har so lett for det. Ei årsak er mangelen på sams organisering.

Studentrepresentantane vel ved kvar lærestad sjølv korleis dei vil organisera seg. Det finst like mange valmodellar til landets studentting som det finst lærestader, sjølv om det finst visse fellesdrag: På dei fleste store universiteta er det «parlamentsval», der lister stiller til forholdstalsval i fleirmannskrinsar. På høgskulane og NTNU er det fleirtalsval i einmannskrinsar. Ei viktig skiljeline går dels mellom desse valmodellane og dels innad på parlamentsuniversiteta, der «ideologar» kjemper mot «tillitsmenn». Ideologane rekrutterer frå ungdomspartia, og leverer sjeldan overraskingar. Dei vert ofte skulda for ikkje å ta omsyn til alle studentars beste – kva det er er det visstnok berre tillitsmenna som veit. Debatten mellom dei to partane er utmattande og frukteslaus.

Trass i dette har dei studenttillitsvalde elles gode føresetnader for å utøva makt på lærestadene. Ved dei største universiteta har ein kjøpt opp til fem personar fri frå studia på full tid for å drive studentpolitikk. Det finst ei etablert studentallmente med aviser, radio – ja til og med TV, som slepp dei til med utspel og opnar for debatt. Det er ikkje veldig vanskeleg å verta vald heller. Dei fleste heiltidstillitsvalde har ikkje meir enn eit års erfaring som menige studenttingsrepresentantar bak seg, og studenttingssetene er for det meste up for grabs. Kor svakt systemet eigentleg er har synt seg nokre gonger, mellom anna då ad hoc-lista Boligaksjonen vann meir enn to tredelar av røystene ved valet til studentparlamentet i Bergen i 2002, berre for å fordunsta då valperioden var omme.

Det krevst likevel meir enn ideologi og lokalaviser for å stå i mot universitetsbyråkratias sakspapirmøller. Studenttillitsvalde veks på kunnskap og organisatorisk dugleik, slik andre tillitsvalde gjer det. Den organisatoriske dugleiken får ein lettast herredøme over om ein får han med morsmjølka – dei mest ressurssterke studentane har størst vilje og evne til å ta på seg oppgåver ved sidan av studia. Kunnskapen deira vert likevel som oftast levert av den same institusjonen dei tillitsvalde skal kjempa med.

På lærestadene har studentrepresentantane beste tilhøva for å utøva makt i ymse partssammensette utval, men det er vanskeleg å tala møteleiaren i mot når ho sjølv har laga saksframlegga der ein freistar finna motargument. Det er nok lettare å oppleva meistring om ein slår seg saman med administrasjonen, og sjølv om det ikkje er anna enn anekdotisk belegg for denne årsakssamanhengen, er det påfallande kor sjeldan studentane utnyttar fleirtalet dei ofte – og i alle fall i lærestadenes styrer – har saman med dei vitskapleg tilsette sine representantar.

Tvert om finst det ei rekkje døme på at studentane ikkje berre støttar administrasjonens politikk generelt, dei ofte går til åtak på dei vitskapleg tilsettes krav spesielt. Dei partssamansette styra er ein viktig føresetnad for denne dynamikken, saman med mangelen på felles møteplassar med lærarar og forskarar på lærestadene. Når det ikkje finst organ, kultur eller eit samlande syn som kan danna grunnlag for felles ståstader, ender vanten på pengar opp i eit splitt-og-hersk-system der dei som sét dagsorden har bukta og båe endar. Ein skulle tru at overbyggjande prinsipp for universiteta og høgskulane kunne samla studentar og vitskapleg tilsette. Om noko slikt prinsipp skulle peika seg særskilt ut, måtte det vera den akademiske fridomen. Studentane har likevel inntil nyleg ikkje evna å formulera eigen politikk om akademisk fridom.

I dei forskingspolitiske plattformane til dei gamle studentorganisasjonane Studentenes landsforbund og Norsk Studentunion vart omgrepet i si tid nytta slik at vankunna var openberr. Elles var politikken i stort knytt til dagsaktuelle saker i den nasjonale eller lokale universitetspolitiske debatten og einskildtillitsvaldes kjepphestar. Den nye politikken om akademisk fridom er nok òg vorten handsama som ein kjepphest. Dei ofte nokso sprikande plattformane gjer at det politiske fokuset til dei sentrale tillitsvalde lett vert avgrensa til reaksjonar på dagsaktuelle saker – med visse vyrdelege unntak.

I høringssvara til dei største reformene i høgare utdanning dei siste ti åra, Kvalitetsreformen og den nye Universitets- og høgskulelova, vart det slått ring om den akademiske fridomen berre i den grad meir eller mindre likelydande formuleringar kunne finnast hjå Forskerforbundet eller LO. Det er ikkje nokon løyndom at organisasjonar lobbar opp mot kvarandre i viktige saker. Det er likevel påfallande at fagrørsla må på banen for at studentorganisasjonane skal ta radikale standpunkt i andre saker enn dei som handlar om omfordeling til dei sjølve, trass i at undersøkingar viser at studentmassen ligg godt til venstre for snittet i folkesetnaden i sine partival.

Ikkje di mindre har nett dei nemnde reformene på grunnleggjande vis grepe inn i arbeidsvilkåra ved dei høgare lærestadene. Medan dei vitskapleg tilsette undervegs har sikra lovvern for sin akademiske fridom, vart spørsmålet om læringsfridom møtt med tagnad eller uvisse. Det er mogleg å tolka den vantande evna til å reisa dei mest grunnleggjande prinsipielle debattane som eit teikn på at dei studenttillitsvalde ikkje stør seg på ein studentmasse med klare og einskaplege tankar om sin eigen plass i samfunnet. Det er kanskje ikkje so rart når studentmassen i seg sjøl er so lite heilsleg. Mykje tyder på at dei fleste studentane aksepterer både si eiga stilling og samfunnet slik det er.

Andre stader i verda er dei unge lesande mellom dei som står fremst i den sosiale kampen. Eit av dei siste døma på det synte seg på tampen av fjoråret, då den konservative regjeringa i Storbritannia som lekk i sitt krisebudsjett vedtok ei tredobling av studieavgiftene. Det er ikkje utenkjeleg at noko slikt ville sett sinna i kok i Noreg òg, men det måtte nok vera nett noko slikt. For augneblinken er diverre dei norske studentane seg sjølve nok. Om studentane skal få større dagsordenmakt trur me det ville vera klokt å utvida valperiodane til dei sentrale tillitsvalde, satsa sterkare på fagpolitikk og skipa organ for kollegial politikkutvikling på lærestadene.