«Snikislamisering»

I to kommentarar («For dei grå blant oss» og «Den bitre pilla») har debattredaktør i Bergens Tidende, Hilde Sandvik, tatt avstand frå påstandar om at det finst noko samband mellom Framstegspartiet og Anders Behring Breivik som er verdt å diskutera. Ho har òg hevda at det å meina at det ikkje er tatt noko oppgjer med eit slikt samband, om det finst, handlar om «[r]einsingskrav, framstilt som politikk», som igjen «røper ein totalitær tankemåte som ekskluderer meir enn den inkluderer».

Sandvik meiner at mangelen på reinsing smittar over på alle som har valt borgarleg, sidan desse partia trass manglande oppgjer er viljuge til å regjera i lag med Frp. Slik har ein, hjå Sandvik underforstått og hjå den internasjonale sekretæren til Frp i Debatten på NRK 19.9., skapt ei forteljing der Frp må tapa valet om «reinsinga» skulle vera fullendt. Slik er det likevel ikkje. Om Frp hadde tatt det naudsynte oppgjeret, trong det jo ikkje vera slik.

Når dei let det vera, er det verre. Men sjølv då er det ikkje snakk om noko totalitært so lenge ein trass usemja om Frp er ideologisk husreint, tolererer både valresultat og talspersonar i alle leirar. Sidan eg enno ikkje har registrert nokon som har tatt til orde for straffeprosess eller annan bruk av ikkje-verbal makt, kan eg ikkje sjå noko anna enn at toleransen er intakt. Men Sandvik bèr altso ved til bålet der dei som hevdar at usemje er knebling feirar heksemesse.

Det er òg noko som er problematisk i forståinga til Sandvik når det gjeld korleis samfunnet etablerer tabu. Eit enkelt spørsmål syner dette: Er det noko totalitært i å krevja at ansvarlege politikarar tek avstand frå nazisme? Ein kan kanskje, reint filosofisk, hevda at det i ytterste instans er det, om ein legg til grunn ei analyse der ein isolerer positive einskildprosjekt som fann stad under den nazistiske paraplyen. Det vanlege er likevel å sjå brotsverka til nazismen som so altoverskuggande at slike analyser ikkje er stovereine. Det tykkjer eg er greitt.

Nazismens herjingar er likevel mellom dei verste brotsverka som nokon gong har ramma menneskeslekta. Den historiske vekta av desse ugjerningane gjev kanskje tyngd til ei sterkare utelukking av den ideologien som låg bak, enn den ideologien som låg bak Behring Breiviks slaktarferd? Sjølv meiner eg at Frps lefling med counterjihad-ideologien stiller partiet på eit skråplan: Sentrale tillitsvalde leflar med fiendebilete som kan tene til dehumanisering av folkegrupper. For eit ansvarleg politisk parti meiner eg det lyt vera tabu. Med det meiner eg ikkje at det gjev grunnlag for straffeprosess, tvungen oppløysing, eller noko slikt. Bevares, me har då ytringsfridom. Det eg meiner er at ein ikkje både kan gjera krav på å vera ansvarleg og halda seg med counterjihadistisk tankegods.

Slik eg ser det, er det her vi finn den verkelege usemja: I vurderinga av kva rolle counterjihad-ideologien spela for massedrapa, i vurderinga av kva rolle han spelar for Framstegspartiet, og i vurderinga av kor kritikkverdig omgang med denne ideologien er. Sidan bilete fortel meir enn tusen ord, og dette spørsmålet verkar vera særs vanskeleg, skal eg nytta eit bilete (fig 1).

Eit svært lettvint diagram som syner kva forbindingsliner som er legitime å trekkja mellom visse framståande Frperar og Anders Behring Breivik.
Fig. 1: Eit svært lettvint diagram som syner kva forbindingsliner som er legitime å trekkja mellom visse framståande Frperar og Anders Behring Breivik, og kvar problemet ligg. Det er sjølvsagt svært mange andre faktorar som er utelatne.

Som figuren syner, meiner eg ikkje at det finst noko direkte samband mellom Framstegspartiet og Behring Breivik. I staden meiner eg at dei deler ei felles ideologisk kjelde, som kjemi til syne i nokre få, men temmeleg systematiske tilfelle. Eg ser Breiviks handlemåte som direkte inspirert av terroråtak utførde av valdelege islamistar. Eg ser rettferdiggjeringa av denne handlemåten i det counterjihadistiske tankegodset. Framstegspartiet er botnsolid i si tru og satsing på parlamentarisk arbeid og demokratiet, og avviser Breiviks handlemåte like sterkt som noko anna parti. Når det gjeld counterjihad er dei i det store og heile òg innanfor, men det er desse siste fem prosentane som er problemet.

Tydelegare enn nokon annan er Christian Tybring-Gjedde, som i dette føredraget hjå Document.no nyttar svært mange forteljingar frå counterjihad-universet. Men òg det illgjetne «snikislamisering» og Per-Willy Amundsens «krosstog» kjem inn her: Det fyrste er ei norsk omsetjing av det engelske omgrepet «creeping islamization» eller «creeping sharia», som er ei førestelling ein mellom anna ser spela ei vesentleg rolle i Eurabia-konspirasjonen, det andre er – vel, treng det eigentleg ei forklaring? Eg undrar meg over korleis kommentatorar som hevdar å ha lese Øyvind Strømmen kan unngå å sjå dette.

Tanken om at den nasjonale kulturen er truga, at det etnisk reine opphavet kan verta utrydda og at muslimane sakte, men sikkert vil ta over samfunnet er ei viktig forbindingsline mellom utsegner frå sentrale Framstegspartifolk og nokre av dei høgrepopulistiske partia dei ikkje vil verta sette i bås med. Det er òg, ad omvegar, ei forbindingsline til Breivik, og når ein ser kor stor plass ho tek i manifestet hans, og kor tydeleg dei same forteljingane kan finnast att i dei kontroversielle utsegna frå Frp-arar, tykkjer eg det er intellektuelt unnvikande å tabuisera denne forbindingslina, og hevda at det er tale om «lausrevne einskildutsegner». Dette er heller ikkje eit sært venstresidesyn: Eg vil tilrå denne analysa skreve av Liz Fekete (.pdf) ved det britiske Institute of Race Relations, og for eit breiare og meir sikkerhetsorientert bilete, denne analysa av Arun Kundnani (.pdf) ved det nederlandske International Centre for Counter-Terrorism.

Sjølv med Frp i regjering er det framleis lett å ta eit oppgjer med dette, og å krevja eit oppgjer treng ikkje tyda at ein meiner at venstresida måtte vinne valet. Siv Jensen kan eller kunne ganske enkelt seia at ho og Frp tek avstand frå counterjihadrørsla og det sentrale tankegodset ein finn der, og for framtida unngå å omtala muslimar som ei femtekolonne og snikande fare i ein kamp der norsk kultur står på spel. Når Frp insisterer på å ikkje ta noko slikt oppgjer og Erna Solberg ikkje berre handsamar dette som ein bagatell, men òg stiller det internasjonale nettverket til Høgre til disposisjon for ein reinvaskingskampanje, då smittar jo faktisk det uansvarlege.

Det skremmande er jo at Frp ikkje ein gong treng å endra politikken sin for å ta dette oppgjeret, dei har allereie etisk legitime grunngjevingar for innvandringspolitikken sin i økonomiske og kriminalitetsførebyggjande argument. Eg ville sjølvsagt ikkje bli samd i politikken deira om dei tok eit slikt oppgjer. Eg ville derimot vera langt meir viljug til å nyansera biletet mitt av korvidt dei høyrde heime i den europeiske familien av høgrepopulistiske parti, slik dei i dag heilt openbert gjer.

Det er altso to tabu som står mot ein annan, i alle fall hjå meg og Sandvik: Anten er ein uansvarleg (eg tolkar ordet «totalitær» som ein glipp frå Sandvik) om ein krev eit oppgjer frå Frp, fordi ein svertar heile borgarlegheita, eller so er ein uansvarleg om ein spelar på forteljingar som demoniserer folkegrupper. So lett og so vanskeleg.

Det finst mellomposisjonar: Nils August Andresen har gjort reie for skiftet frå karakteristikken «snikrasisme» i 2009 til «En medløpers bekjennelser» i dag. Andresen ser, slik eg les han, ikkje det eksplisitte oppgjeret som noko naudsynt, so lenge det er framskritt (og Høgre får makt). Eg tek nok ikkje like lett på at det som kan verta visestatsministeren i Noreg tykkjer det er greitt å insinuera at ein liten minoritet i Noreg er eit trugsmål mot oss alle. Eg kan ikkje så at det han skreiv i 2009 står seg dårlegare i dag:

«Siv Jensen er sentral i å gjøre norsk islamdebatt til identitetspolitikk, basert på oss/dem-tenkning og et selektivt faktagrunnlag. Hun vet at hun får respons blant velgerne, og er med på å kultivere holdninger som er mer ekstreme enn Fremskrittspartiets offisielle uttalelser.»

Det finst rett nok òg nokre temmeleg kritikkverdige utsegner frå Ap-politikarar. Sjølv om eg gjerne skulle høyrt mellom anna Martin Kolberg ta eit og anna tilbake, ser eg desse likevel meir som eit uttrykk for at innvandringspolitikken er ein defensiv front for Ap enn noko anna. Det er liten tvil om kven dei har apa etter, for å seia det slik.

Me må nok leva med at ikkje alle får auge på counterjihadismen like lett, og med ulike analyser av kor farleg han er. Kanskje skal me ikkje utelukka at utanlandske media er meir opplyste på dette feltet enn me er her på berget. Eg tykkjer likevel ikkje det er for mykje forlangt at den norske regjeringa er årvåken og tek tydeleg avstand. Me får vona at Erna Solberg i det minste nyttar høvet når alle er piska fint på plass i falden.