Nynorskproblemet

Litt om nynorsken sine problem og kva eg synsar og trur om moglege og lite trulege løysingar.

Eit ordskifte med Anne Viken på Twitter i går fekk meg til å tenkja på kva forhold eg har til nynorsk og kva vilkår nynorsken har i dagens Noreg. Sjølv har eg røter på Vestlandet og i Nord-Noreg, men er oppvaksen i Oslo. Eg skriv nok betre nynorsk enn dei fleste oslobuar, slik lærarane rettar han, men eg skriv òg med utgangspunkt i eit innhordalandsk ideal som verkar gamaldags for mange. Til dagleg skriv eg likevel bokmål. Det er det skriftmålet eg er oppvaksen med. Viken meiner at nynorsken har eit problem fordi han ikkje fell naturleg å nytta til dagleg, og viser til at ho er ein av mange nynorskbrukarar som slit med svak språkkjensle for nynorsken. Det er sjølvsagt frustrerande å skulle nytta eit hovudmål ein ikkje føler at ein meistrar.

Det finst mange argument for å styrka nynorsken. Eg skal ikkje ta dei opp her, men ta ynskjet om å styrka eit talemålsnært skriftspråk som ein føresetnad. Eg laut sjølvsagt lesa noko statistikk om korleis tilhøva for nynorsken faktisk er for å kunna seia noko om kor stort trugsmål han er utsett for, og i kva grad det trengst òpning for nærare band mellom talemål og skrift. Eg byggjer argumentet slik: Kor mange brukar nynorsk som hovudmål i skulen, målt etter folkesetnaden i kommunar som har valt å vera nynorsk-kommunar. Kor sterkt slår bruken av nynorsk ut i dei viktigaste media? Kva slags grunnar kan det vera til at det vert slik?

Basert på statistikk eg i hurten og sturten fann hjå SSB (1) ser kartet over Noreg slik ut:

Den største delen av folketalet i nynorskkommunar finn vi i Sogn og Fjordane - 100%, Møre og Romsdal - 46% og Hordaland - 39%.
Figur 1: Andel av folkesetnaden i nynorskkommunar. Styrka på raudfargen syner delen av folketalet som bur i nynorskkommunar. Sogn og Fjordane har høgaste delen med 100%, medan Vest-Agder har lavaste delen mellom dei fylka der nokon del brukar nynorsk med 1,5%.

Det er heilt tydeleg at det er Vestlandet og innlandsdalane som grensar til Vestlandet som har den største delen av folketalet busett i nynorskkommunar. I Sogn og Fjordane er alle kommunane nynorskkommunar, i Møre og Romsdal og Hordaland er omlag 40% av folkesetnaden busett i nynorskkommunar. Måten nynorsken er spreidd på er nok ikkje heilt uvesentleg for kva status og bruksområde han har. Eg kjem attende til det etter kvart. Fyrst skal me sjå på korleis bruken av nynorsk i dei viktigaste media har utvikla seg dei sista åra (2, 3, 4):

Andelen nynorskbrukarar ligg stabilt kring 11%. Nynorskbruken i etermedia varierer mykje, men ligg stabilt kring 5-8% for trykte media.
Figur 2: Nynorskbruk i viktige media . NRK omdefinerte kriteria for kva som skal reknast som nynorsk i 2004. Kjelde: SSB 2010.

Det er tydeleg at nynorskandelen i etermedia er vanskeleg å talfesta. Ein viktig grunn til dét er sjølvsagt at det er vanskeleg å seia kvar grensa mellom dialektbruk og normert nynorsk talemål går. Når det gjeld skriftlege media, ser ein klart at nynorsken her har ein stabil andel, med små variasjonar frå år til år. Ser vi på tilhøva mellom dialekt- og nynorskbruk i dei talebaserte media, viser det same ustabile mønsteret seg:

Nynorskbruken er høg men varierande fram til 2003. Då vert han låg og dialektbruken skyt i vêret, men fell snøgt att utan at nynorskbruken tek seg opp att.
Figur 3: Nynorsk og dialekt i etermedia. Andel av folkesetnaden som bur i nynorskkommunar.

Det er her me kjem til det mest interessante. For det fyrste syner figur 3 at det er store subjektive skilnader i kva som vert vurdert som nynorsk, dialekt og bokmål (resten, ikkje synt i figuren). Det er elles vanskeleg å forklara variasjonane over tid. Samstundes syner figuren at det i staben til NRK er langt fleire som nyttar eit mål som ikkje automatisk vert definert som «nynorsk» enn det er folk i nynorskkommunar. Det lyt òg vera mange som nyttar «dialekt» som nyttar bokmål som hovudskriftspråk.

Eit av hovudmåla bak nynorsken som prosjekt var at fleire skulle få tilgjenge til eit skriftspråk som låg nært opp til talemålet deira. Denne grunngjevinga er fyrst og fremst pedagogisk og knytt til å styrkja evna til å uttrykkja seg skriftleg gjennom å styrkja sambandet mellom talt og skreve språk. Den har òg eit klasseaspekt ved at bokmålet vart bygd på den «danna daglegtalen» i austlandsbyane. Til slutt hadde den òg eit aspekt av kampen mellom by og land, på grunn av kvar målprøvane vart henta inn – mest i vestlandsbygder. Dette skiljet vart bygd opp under av nemningane «landsmål» og «riksmål».

Frå utgangspunktet på slutten av 1800-talet har mykje endra seg. Sentralisering har ført til at mange skulekrinsar som ville valt nynorsk har blitt del av større krinsar som ikkje har hatt fleirtal for nynorsk, og soleis verka som «gerrymandering» for riksmålet. Sosial utjamning og klassekompromiss har tappa språkstrida for mykje av det sosiale aspektet. Den politiske oppgjevinga av samnorskprosjektet fjerna trugsmålet mot bokmålet som tvang normgjevarane til å moderera seg. Det markerte òg slutten på at austlandskommunar valde nynorsk. Det at skilnaden by-land har vorte oppfatta som hovudskiljelina i målstrida i nyare tid, kan Unge Høgre-kampanjer som «nei til grautmål», illustrert med kyr, vitna om.

Det viktigaste er kanskje likevel kvar skriftspråka har henta talemålsnormeringa si. Bokmålet har haldt fram med å henta den frå «danna» bymål på Austlandet, medan nynorsken har… ja, kva har han no eigentleg? Blitt reformert med utgangspunkt i ulike dialektnormalar, dei fleste frå Vestlandet. Medan bokmålet soleis har haldt fram med å knyta seg opp til eit talemål med høgare sosial status har nynorsken ikkje makta å reisa ein tilsvarande statusmotpol. Det har rett nok vore mange flinke nynorskfolk som i nokon grad har ført eit mål som har lege nært nok til det skriftlege målbiletet til at dei har kunne vore gode døme, men andsynes bokmålskulturen har dei ikkje vore mange nok. Dei har heller ikkje gjeve uttrykk for noko einskap.

Den vantande språkkjensla Viken uttrykte, og som andre òg har målbòre, er eit resultat av det. Nynorskdomen er framand for dei aller fleste som kjenner han frå sidemålet, på same vis som bokmålet er kjend for alle. Ungar leikar på normert bokmål over heile landet, men ingen leikar slik dei snakkar på Dagsrevyen. Sidan eg lyttar til Språkteigen, har eg sjølvsagt fått med meg at det er sett ned eit utval som skal freista å gjera nynorsken meir einskapeleg. Men ein kan spyrja seg om dét er nok. Det er vorte mykje meir akseptert å snakka unormert dialekt i offentlege samanhengar, i alle høve om ein ser nokre tiår attende. Endringa har skjedd samstundes med at målrøyrsla har hatt kampanjar med slagordet «snakk dialekt, skriv nynorsk». Men berre fyrste halvdelen av slagordet fekk gjennomslag. Kanskje laut ein gjera grunnlaget til nynorsken breiare? Hadde det vore mogleg å gjera det samtidig som valfridomen vart avgrensa? Og kva av desse tiltaka passar best til oppmodinga om å nytta sin eigen dialekt for å talemålsnormera nynorsken? Dette problemet gjeld ikkje berre nynorskbrukarane. Sjølv merker eg at språkkjensla fell ned i kjellaren når eg freistar å skriva talemålsnært bokmål (eg kjem frå Austkanten i Oslo) som er heilt lovleg med omsyn til rettskriving. Kva slags norm er det?

Ein kan få til det utrulege når det gjeld språk, og språk er utruleg viktig for identitet. Det hebraiske språket sto opp frå dei daude som eit resultat av ein målretta språkpolitikk. Framandord er nærast ukjende i islandsk av same grunn. Det er vanskeleg å sjå for seg at nynorsken kan konkurrera med slike nasjonsbyggjingsprosjekt – i alle høve i dag. Med forslaget om å gje grunnlaget for nynorsken større geografisk breidd har eg sikkert lagt ut på godt etablerte stiar i salatåkeren. Når eg knyt det opp mot eit mål om å sameina skriftspråka – for å tvinga statusbrukarane i bokmålsverda til å gje noko i prosjektet – har eg kanskje gått frå trakking til krabbing. Men er det rettvist at det berre er folk frå Vestlandet og austlandsbyane som skal kunne skriva talemålsnært? Om det held fram slik, kor lenge gidd resten av landet å vera solidariske med dei drøye 10% av folket som bur i vestlandskommunane som nyttar nynorsk? Det verkar lite truleg at det er for stor valfridom som har hindra dei i å ta nynorsken i bruk sidan 50-talet. Mest kontroversielt av alt: Eg trur ikkje det er mogleg å bèra oppe eit skriftspråk som ikkje har ei allmenn talenorm i eit samfunn der etermedia vinn stadig større plass.

Då vert det to moglege løysingar: Anten må valfridomen gjerast stor nok til at alle dialektane kan vera norm, eller so må ein etablera ein talemålsnorm. Då er det truleg lurt å gjera grunnlaget for nynorsken breiare. Det vart noko oppstuss då Telenor for ein del år sidan fekk telefonsvararar med Molde-dialekt, fordi den visstnok er den dialekta som vert lettast forstådd av alle i Noreg. Kanskje me alle skulle streva etter Karita Bekkemellem som ideal?