Stille liv – bilete frå laboratoriet.

Bilete av gelen min
Oksygensensor i gel. Den lille kvite knotten inni nåla er der oksygenkonsentrasjonen vert målt. I gelen lever det celler som er «planta» der. Botnen av reagensglaset krummar seg og får det til å sjå klart ut heilt nedst – men det er det ikkje.
Bilete av heile sensoren
Gjennom sprøyta går det ein fiberoptisk kabel. Den kvite knotten forskyv fasen i lyset alt etter kor mykje oksygen det er.

Eg tenkte eg skulle dela nokre av dei finaste bileta eg har tatt på laben. Eg trur ikkje at dette er høvet til å forklara alt eg driv med, men det er eigentleg ganske vent, mykje av det. Me kan la det vera hovudsaka denne gongen.

Slik ser det ut, det heile. Plast. Glas. Stål. Avanserte ljoskjelder, men òg gamaldagse COM-portar. Eller ikkje so gamle likevel.

Eg tenkjer på det eg synes er vakkert med «gamal» industri. Den reine betongen, dei enkle formene. Det oransjegule ljoset frå natriumlampene mot mørkeblå kveldshimmel. Dette er noko anna, noko mykje reinare og meir framandt. Men likevel ikkje reinare enn at det er mi krøkkete handskrift som skjemmer glaset. Og ikkje meir framandt enn at reagensrøret står skakt i ei masseprodusert ramme av sveisa ståltråd med lakk som av og til skallar av og lèt rusten koma til syne.

Før me kjem so langt har eg arbeidd ein drøy time med å laga gelen. Han vert laga av tang. Dei trålar han opp og koker han utafor Haugesund ein stad. I dét er det litt av alt: Det gamle fiskaryrket, den nygamle prosessindustrien og den høgmoderne teknologien som vil erstatta vev hjå menneske med noko menneska sjølve har laga.

Det er mykje anna som kjem langvegs frå: Utstyr, kjemikalium. Hadde det ikkje vore for at nokon hadde funne ut at me måtte læra oss å nytta den tangen som veks i fjæra her til lands, kunne arbeidstimane mine vore lagt ned av nokon heilt andre. Flittigare og meir ærgjerrige, kanskje? Eg gjer som regel mitt beste, men problematiserer mykje: Kven får nytte av det eg gjer? Visjonane er storslegne, men kjem resultata alle til gode? Var det nett desse resultata det var viktigast å finna no? Som einskild forskar kan ikkje eg avgjera det, men eg klarar ikkje la vera å lura.

Bilete av kalsiumalginatsuspensjon
Masse ørsmå partiklar av kalk og algestoff vert virvla opp av ein magnet. Søler eg, tørkar partiklane til fint, kvitt støv. Det står kaldt til vanleg. Kondensen samlar seg om små partiklar som har vorte hengande igjen på innsida av glaset.
Bilete av natriumalginat løyst i Hanks
Frå forsegla, sterile glas kjem den andre komponenten i gelen, oppløyste kjeder av algenes svar på cellulose. Der trea er stive, er tangen bøyeleg. Resultatet er ikkje so ulikt plommegraut – utan plommer.
Bilete av sprøyte med dei to komponentane
Dei to delane som blir til gelen møtest her: I eit gjennomsiktig plastkryss. Eg likar dei reine stålflatene eg jobbar på, men har sjeldan høve til å tenkja over kor blanke dei kan vera.
Bilete av cellene spunne ned
Cellene. Ein liten klump rein kreft.

Biletet til høgre er ikkje så fint. Det er rein kreft. Det er ikkje tull ein gong. Ho som er opphavet til cellelina er død for lenge sidan, men svulsten hennar lev vidare i tusen laboratorium. Det er rart å tenkja på at det som for meg er ein allmenn reiskap for å finna ut korleis eit algestoffet kan nyttast til nye terapiar er datterdøtrene til det som drap ei kvinne for 30 år sidan. Dei bèr stort sett heile arvematerialet hennar. Cellene havnar òg i sprøyta. So vert det blanda, og vekstmedium helt over.

Og so måler eg. Og grublar. Og tek bilete. Kva er fint eller rart der du jobbar?

Forfatter: Benjamin

Trebarnspappa fra Oslo med røtter på Vestlandet. Farmasøyt. Prøver å forske. SVer.